|
Briksdalsbreen.
Briksdalsbreen er ein vestleg utløpar fra Jostedalsbreen.
Arealet er omlag 10,4 km2. Mesteparten (88%) ligg på breplatået over
1500 moh. Breen strekk seg frå 1910 moh. ned til Briksdalsbatnet 350
moh. I brefallet ned frå breplatået går breen frå 1500 moh. til 350
moh. over ein horisontal avstand på 2 km.
Frontposisjonmålingar
Målingar av frontposisjonendringar vart starta i 1900 av
Johan Rekstad ved Bergen Museum (forløparen til Universitetet i
Bergen). Mellom 1900 og 1934 hadde breen mindre variasjonar i
frontposisjonen med framstøyt rundt 1910 og 1929. Mellom 1934 og
1951 trakk imidlertid brefronten seg meir enn 800 meter tilbake, og
Briksdalsvatnet vart avdekka. Mellom 1967 og 1997 hadde breen
framstøyt og dekka heile Briksdalsvatnet slik at brefronten stod ved
utløpet av Briksdalsvatnet. Etter 2000 trakk brefronten seg raskt
tilbake, og stod hausten 2007 ikkje lengre uti vatnet.

|

Frå storheits tida
i 97.

Briksdalsbreen i
2006. |