StartsidenBriksdalsbreenTransportHistorieHer er viOldedalenLinkarBilder


HESTESKYSS I BRIKSDALEN.

1890 vart det i Briksdalen bygd ei gjestestove for å ta i mot folka som kom over breen. Dette var den spe begynnelsen til turist trafikken vi har i dag.
På denne tid kom også dei første flytande hotella til Olden. Med på ein av desse båtane var også Keisar Willhelm 2. av Tyskland.
Til besøket hans vart det bygt ein sti frå gardshusa i Briksdalen og opp til Breen. Denne stien vart kraftig opprusta for nokre få år sidan, men ber den dag i dag namnet Keiser Willhelm sti.

På bakgrunn av turistannløp i Olden starta bøndene i Olden "Olden Skysslag" og "Olden Dampbåtlag".
Dei frakta då turistane frå kaia i Olden opp til Eide ( Nedre del av Oldevatnet ) med hest. Der venta dåmpbåten på turistane, og turen til Oldedalen tok ein time.

Ved ankomst Oldedalen stod hestane til Oldedalen Skysslag klare til å frakte turistane dei 5-6 kilometarane inn til Briksdalen.
Her gikk turistane ein avstand på 3 km på Keiser Willhelm sti, inn til breen.
På denne måten fungerte trafikken fram til 1927 då bøndene i Oldedalen starta bygginga av kjerreveg frå Briksdalen og inn til breen. No fikk også turistane tilbod om å bli frakta med hest heilt inn til breen.
Oldedalen var ei veglaus bygd heilt fram til 1955, men då gjekk meir og meir av turist trfikken over på bil, og båtane fekk mindre og mindre passasjerar. Likevel heldt båt trafikken på Oldevatnet fram heilt til ca. 1980. no går all trafikk gjennom buss og privatbilar.
I dag går transporten opp til Briksdalsbreen kun med Trollbilar.




Hesteskyss i Briksdal 1910


Gamlestova i Briksdal.