BRIKSDALSBREEN


Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg gjester frå heile verda.

 
bjarte-haugen-briksdalsbreen.jpg
 
 

BREEN

Briksdalsbreen er ein vestleg arm av Jostedalsbreen, den største isbreen på det Europeiske fastland - verna som nasjonalpark. Breen vart danna for ca 2500 år sidan. Arealet er omlag 10,4 km². Mesteparten (88%) ligg på breplatået over 1500 moh. Breen strekk seg frå 1910 moh. nesten ned til Briksdalsvatnet 350 moh. I brefallet ned frå breplatået går breen frå 1500 til 350 moh. over ein horisontal avstand på 2 km.

Breen har forma Briksdalen gjennom fleire tusen år; glattslipte berg med frodig vegetasjon pregar landskapet. Denne mektige naturen er noko av det vakraste du kan finne i Norge - og turistar har vitja dalen i meir enn 100 år.

 
 
 

FOSSEBRUS

Kleivafossen har gjennom lange tider dusja turistar på veg over brua mot Briksdalsbreen. Denne fossen er eit av dei mest fotograferte motiva i heile Norge.

Når isbreen smeltar går fossane mange og strie nedetter fjellsidene i Briksdalen. Som kvite sølvband kastar dei seg nedetter stupbratte svaberg i sin ville dans på veg mot blinkande, blågrøne vatn i dalbotnen. Det er som om vatnet har det svært så travelt etter fleire hundre års binding som is. Bruset frå fossane, spesielt Kleivafossen, er ein del av naturopplevinga som har gjort Briksdalen kjend.

 
sirkel_bru.png
 
 
bil.jpg



TIL FOTS ELLER MED «TROLLBIL»

Frå Briksdalsbre Fjellstove er det lett å ta seg fram til Briksdalsbreen. Ein vakker sti/veg slynger seg langs elva dei 2,5 km fram til breen. Ein ny gangsti på sørsida av elva gjer det no også mogleg å ta ein rundtur.

Vil du ha skyss til breen kan du tinge ein «Trollbil» til å ta deg opp bakkane.

 
kart-enkel.jpg

BRIKSDALEN - BRIKSDALSBREEN
2,5 km / 40 - 60 min
Startpunkt frå Fjellstova i Briksdalen
Grøn rute: ENKEL

 FRONTPOSISJONMÅLINGAR


Målingar av frontposisjonendringar vart starta i 1900 av Johan Rekstad ved Bergen Museum (forløparen til Universitetet i Bergen). Mellom 1900 og 1934 hadde breen mindre variasjonar i frontposisjonen med framstøyt rundt 1910 og 1929. Mellom 1934 og 1951 trakk imidlertid brefronten seg meir enn 800 meter tilbake, og Briksdalsvatnet vart avdekka. Mellom 1967 og 1997 hadde breen framstøyt og dekka heile Briksdalsvatnet slik at brefronten stod ved utløpet av Briksdalsvatnet. Etter 2000 trakk brefronten seg raskt tilbake, og stod hausten 2007 ikkje lengre uti vatnet.

green.jpg
store_ice.jpg

Nasjonalparken

største breen på europeisk fastland

historie-web.jpg

Historia

Dei første turistane

store_bil3.jpg

Breskyss

trollbilsafari til briksdalsbreen

natursti

Natursti

Fjell og fossar i Briksdal