store_foss.jpg

Breen

 
 
 
 

Briksdalsbreen


Briksdalsbreen er ein vestleg utløpar fra Jostedalsbreen. Arealet er omlag 10,4 km2. Mesteparten (88%) ligg på breplatået over 1500 moh. Breen strekk seg frå 1910 moh. ned til Briksdalsbatnet 350 moh. I brefallet ned frå breplatået går breen frå 1500 moh. til 350 moh. over ein horisontal avstand på 2 km.

 

 
 
green.jpg

Frontposisjonmålingar


Målingar av frontposisjonendringar vart starta i 1900 av Johan Rekstad ved Bergen Museum (forløparen til Universitetet i Bergen). Mellom 1900 og 1934 hadde breen mindre variasjonar i frontposisjonen med framstøyt rundt 1910 og 1929. Mellom 1934 og 1951 trakk imidlertid brefronten seg meir enn 800 meter tilbake, og Briksdalsvatnet vart avdekka. Mellom 1967 og 1997 hadde breen framstøyt og dekka heile Briksdalsvatnet slik at brefronten stod ved utløpet av Briksdalsvatnet. Etter 2000 trakk brefronten seg raskt tilbake, og stod hausten 2007 ikkje lengre uti vatnet.