hist_hest.png
 

Historia

Skyss til Briksdalsbreen i over 100 år

 

 
 
 
 
 

HESTESKYSS I BRIKSDALEN


I 1890 vart det bygd ei gjestestove for å ta i mot folka som kom over breen til Briksdalen. Dette var den spede starten på turisttrafikken vi har i dag. På denne tida kom også dei første flytande hotella til Olden. Med på ein av desse båtane var også Keisar Willhelm 2. av Tyskland.
Til besøket hans vart det bygd ein sti frå gardshusa i Briksdalen og opp til breen. Denne stien vart kraftig opprusta for nokre få år sidan, men ber den dag i dag namnet Keiser Willhelm sti.

Turisttrafikken i bygda tok seg opp denne tida og bøndene i Olden skipa Olden Skysslag og Olden Dampbåtlag. Dei frakta turistane frå kaia i Olden opp til Eide (Nedre del av Oldevatnet) med hest. Der venta dampbåten på turistane, og turen til Oldedalen tok ein time. Ved ankomst Oldedalen stod hestane til Oldedalen Skysslag klare til å frakte turistane dei 5-6 kilometerane inn til Briksdalen. Her gjekk turistane vidare 3 km på Keiser Willhelm sti, inn til breen.

På denne måten fungerte trafikken fram til 1927, då bøndene i Oldedalen starta bygginga av kjerreveg frå Briksdalen og inn til breen. No fekk turistane tilbod om å bli frakta med hest heilt inn til breen.
Oldedalen var ei veglaus bygd heilt fram til 1955, men då gjekk meir og meir av turisttrafikken over på bil, og båtane fekk mindre og mindre passasjerar. Likevel heldt båttrafikken på Oldevatnet fram heilt til ca. 1980. No går all trafikk med buss og privatbilar.
 
I dag går transporten opp til Briksdalsbreen med Trollbilar.
Trollbilane har større kapasitet, og er meir fleksible. Turen går frå Briksdalsbre Fjellstove og innover den 2,5 kilometer lange vegen til Briksdalsbreen. Vegen har ei stigning på ca. 200 høgdemeter frå startpunkt til brevatnet.

 

 
 
green.jpg
 

Visjon

 

Oldedalen Skyss skal vidareutvikle og tilrettelegge turistproduktet i Briksdalen, slik at ein kan gi deg ei unik naturoppleving som du vil hugse - og prate om - lenge etter at du er komen heim…

Velkomen hit

 

 
 
 
 

Samarbeid

 

Oldedalen Skyss samarbeidar med dei fleste av reiselivsbedriftene i regionen. Under her finn du linkane til fleire av dei.

Brksdalsbre Fjellstove / Aabrekk Gard / Melkevoll Bretun

Hotel Alexandra / Hotel Loenfjord / Olden Fjordhotel / Stryn Hotel

Visit Nordfjord / Fjord Norge