DEN VAKRASTE BILTUREN

I meir enn hundre år hadde bøndene i Oldedalen frakta turistar med hest og kjerre inn til vakre Briksdalsbreen. I 2004 valde ein å leggje ned dette tilbodet, og i staden tilby turen til breen med spesielle “Trollbilar”.

Turen går frå haldeplassen like ved souvenirbutikken i Briksdal - og vegen slyngjer seg i vakker natur opp langs fossar og stryk i Briksdalen. Frå endestasjonen på Kleivane og inn til vatnet ved Briksdalsbreen er det ca. 500 meter å gå. Stien er brei og fin og her vandrer du gjennom urørt natur i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Ein rundtur med Trollbilen tek ca. 1,5 time, med stans på toppen.

 
sirkel_historie1.png
 

KAPASITET

Maks kapasitet pr. bil er 7 personar.
Maks kapasitet pr. avgang er totalt 105 personar.

SESONG

Sesong fra mai – oktober.
I skuldersesongen, mai mnd og fra 20. september, MÅ turane tingast på førehand.

 
 
bil.jpg

PRISAR 2024


Vaksne

Kr 280,- pr. person tur/retur
Kr 170,- pr. person for skyss ein veg (gjeld kun for tur opp)

Barn 8 – 15 år

Kr 170,- pr. person tur/retur
Kr 170,- pr. person for skyss ein veg (gjeld kun for tur opp)

Barn opp til og med 7 år køyrer gratis i følge med føresette - så framt ein dekker minsteprisen på 560,-


Grupper

Gruppepris på førespurdnad, minimum 7 personar.

 

RUTETIDER

AVGANG FRÅ BRIKSDAL

09.00 / 09.45 / 10.15 / 11.00 / 11.45 / 12.15 / 13.00 / 13.45 / 14.15 / 15.00 / 15.45 / 16.15 / 17.00


Det er bygd rampe ved start i Briksdal og ved endestasjonen på Kleivane, så det er lett og kome seg opp i og ut av bilane.


Det er viktig å bestille i god tid, då denne turen er svært populær.

 
green.jpg

BESTILL TUR MED TROLLBIL

Kontakt Oldedalen Skyss på telefon +47 57876805 eller mobil +47 90051244 for booking av turar frå Briksdal til Briksdalsbreen, eller fyll ut kontaktskjemaet under her.

OBS: Vi opererer kun i Briksdal - og har ikkje skyss frå Olden Cruiseterminal.

Oppmøte
Oldedalsvegen 2211
6792 Briksdalsbre

GPS-koordinat
61,66317°N 6,82336°Ø