MILJØ OG BEREKRAFT

Med håp om ei meir berekraftig framtid

Briksdal er ein naturbasert attraksjon og næraste nabo til Jostedalsbreen nasjonalpark. Vi har tilreisande frå heile verden som er opptatt av natur og berekraft. Vi står midt i ei klima- og naturkrise som krev handling. Berekraftig utvikling skal syte for at dagens generasjon får dekka sine behov utan at det skal øydelegge for framtidas generasjonar. Vi har som kjent ingen planet B. Vi må ta vare på den vi har. Vi tek vårt klima- og miljøansvar til glede for våre gjester, tilsette og lokalsamfunn. Destinasjon Briksdal er miljøsertifisert gjennom Miljøfyrtårn. Velkomen til oss!

Briksdalsbre Fjellstove AS
Oldedalen Skyss AS
Briksdal Eigedom AS

 


Destinasjon Briksdal er opptatt av at dagens generasjon ikkje skal øydelegge moglegheitene for framtidas generasjonar. FNs 17 berekraftsmål er verda sin handlingsplan for ei berekraftig utvikling. Vi jobbar aktivt for at berekraftsmåla skal bli ein del av vår identitet og prinsipp for vårt miljøarbeid.


 

Miljøtiltak:

  • Briksdal Minikraft AS leverar kortreist og lokalprodusert kraft til Briksdal.

  • Laddestasjonar på parkeringsplassen og ved Briksdalsbre Fjellstove AS.

  • Kjeldestortering for avfall for tilreisande og tilsette.

  • Trollbilane går på Biofuel med 80% redusert utslepp av klimagassar.

  • Energisparande prosjekt med tilhøyrande tiltak.

  • Gjennom vår innkjøpsvegleiar sette vi krav om miljøarbeid og miljøsertifisering til våre leverandørar og samarbeidspartar.


Lokalt samfunnsansvar:

  • Kjøpe mest mogleg lokalproduserte varer og tenester.

  • Aktiv å støtte lokale lag og organisasjonar.

  • Drikkevatnet kjem frå lokal kjelde.

  • Vi nyttar lokale råvarer.


Natur- og kulturansvar:

  • Nært samarbeids med Jostedalsbreen nasjonalparkstyre.

  • Ansvar for informasjon om naturkvalitetane på tur til og frå Briksdalsbreen.

  • Vedlikehald av turvegar og turstiar i nærområdet.

  • Vi er stolte budbringarar av vår historie og kultur.

 

Har du innspel til oss om vårt miljøarbeid?
Ta kontakt: mft@briksdal.no

 
 
 

Miljøfyrtårn er ein nasjonal miljøsertifiseringsordning drifta av Stiftelsen Miljøfyrtårn. Stiftinga vart oppretta i 2003 av sentrale organisasjonar i næringsliv og offentleg forvaltning.

 

Briksdal Minikraft

Kortreist og lokalprodusert kraft

Ladestasjon

Lade bilen din ved Fjellstova

store_ice.jpg

Nasjonalparken

Største breen på Europeisk fastland

store_foss.jpg

Briksdalsbreen

Friskt og eventyrleg vakkert

historie-web.jpg

Historia

Dei første turistane