NASJONALPARKEN

Den mektige Briksdalsbreen er ein arm av Jostedalsbreen, den største isbreen på det Europeiske fastland - verna som nasjonalpark.

Jostedalsbreen nasjonalpark har ei enorm spennvidde i naturtypar frå frodig lauvskog i låglandet til isbrear og høge fjell over 2000 meter over havet. Verneområdet har ei samanhengande lengde på vel 6 mil og omlag halvparten av nasjonalparken er dekt av is.


Far varsamt med nasjonalparken vår

 

Berekraft

Vi har ingen planet B

store_foss.jpg

Briksdalsbreen

Friskt og eventyrleg vakkert

fossar

Natursti

Fjell og fossar i briksdal

VITE MEIR?

Om du vil forske meir på natur og dyreliv i nasjonalparken kan vi anbefale å besøke eit av kunnskapssentera knytt til Jostedalsbreen.

 

Jostedalsbreen nasjonalparksenter, stryn

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er autorisert vitjingssenter for nasjonalpark. Senteret tilbyr informasjon om nasjonalparken, utstillingar og kino med film om nasjonalparken - her finn du også geologisk park og hage.

Breheimsenteret, Jostedalen

Sidan 1997 har Breheimsenteret vore eit autorisert vitjingssenter for nasjonalpark med særskilt ansvar for natur- og miljøformidling frå nasjonalparkane Breheimen og Jostedalsbreen.

Norsk Bremuseum, Fjærland

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er eit interaktivt museum for heile familien som gir deg kunnskap om brear og klima på ein ny og spennande måte. Museet er ei privat stifting.