DEI FØRSTE TURANE

Midt på 1800-talet dukka dei første turistane opp i Briksdalen. Det var helst engelske rikfolk som kom på denne tida. Men då vegen Rustøen - Briksdal kom rundt 1890 vart det meir fart i turismen. Mange av turistane vart køyrt opp til breen i høyvogn, som seinare vart utskifta med stolkjerrer. 

 
sirkel_hest.png
 

MED BÅTSKYSS OVER

Opp til Rustøen kom turistane med båt. Den første båten heitte D/B «Victoria» og kom rundt 1895. Rett etterpå kom D/B «Briksdal». Turen opp til Oldedalen og Briksdal vart svært populær. Etter 1. verdskrig eksploderte turiststraumen. Eitt til to tusen turistar kunne besøke Briksdal på ein dag. Ein tur - returbillet på Oldevatnet med «Briksdal» kosta 30 øre.
Oldedalen var utan vegsamband fram til 1955, difor var folket avhengig av vatna som ferdselsåre. Den første motorbåten vart sett i drift i 1915 og den hadde rutedag kvar dag gjennom heile året.

 

FRÅ  GARDSDRIFT TIL TURISME

I 1891-92 bygde Anders Briksdal ei turisthytte og hadde utsal av mellom anna øl, brus, mjølk, brød og rømmekolle. Det var også høve til å overnatte for folk som skulle gå over breen til Jostedalen eller til Jølster gjennom Oldeskaret. Under krigen vart det ikkje drive turistdrift. Etter krigen dreiv dei både turisme og gardsdrift, men turismen tok meir og meir over, og i 1966 vart geitene selde. Fjøset vart ombygd til souvenirbutikk og overnattingshus for turistane. I 2005 vart hesteskyssen erstatta av «Trollbilar» med betre kapasitet.

 
sirkel_historie4.png
 
sirkel_historie2.png
 

HESTESKYSS

Over 20 hestar var i sving i Briksdalen om sommaren. På slutten av 1800-talet starta transporten, først med høyvogn, men etter kvart kom det stolkjærrer i dalen. Staselege ekvipasjar med fjordhest og stolkjerrer frakta turistane frå Oldevatnet og innover mot breen. Veg frå fjellstova mot Briksdalsbreen vart bygt av bøndene i dalen, som skipa Oldedalen skysslag og sytte for dette tilbodet til turistane. I 2003 kom det «Trollbilar» som overtok transporten frå fjellstova til haldeplassen ved breen.

 

FRISK FOSSEDUR

Når breen smeltar går fossane mange og strie nedetter fjellsidene i Briksdalen. Som kvite sølvband kastar dei seg nedetter stupbratte svaberg i sin ville dans på veg mot blinkande, blågrøne vatn i dalbotnen. Det er som om vatnet har det svært så travelt etter fleire hundre års binding som is. Bruset frå fossane er ein del av naturopplevinga som har gjort Briksdalen kjend. 

 
sirkel_historie1.png