KATTANAKKEN

Der ingen skulle tru at nokon kunne gå på tur.
Så feil kan ein altså ta!

 
kattanakken-jostedalsbreen.jpg
 

Flott utsyn til Briksdalsbreen omkransa av ville fjell, den mektige Jostedalsbreen og brusande fossefall. Inngangsbilletten er eigeninnsats, ei solid men overkomeleg treningsøkt og ei bratt fjellside og luftig klyving for å kome heilt opp på egga. Frå nokre vinklar ser turen umogleg ut - men ein skal ikkje skue Kattanakken på håra.

Start frå parkeringsplassen i Briksdalen. Følg veg/sti mot Briksdalsbreen. Ta av til høgre rett før andre brua over elva. Følg stien innover skogen. Etterkvart dreier han sørover og går over nokre svaberg, før han svingar vestover og skrår oppover fjellsida heilt til ein kjem opp på ryggen på ca 700 moh. Vidare følgjer ein ryggen opp mot toppen. Kattanakken er ein spiss fjellrygg. Nokre stader vil turen opplevast som litt luftig.

kart-ekspert.jpg

BRIKSDALEN - KATTANAKKEN
130 - 1458 moh / 3 - 4 timar
Startpunkt frå Fjellstova i Briksdalen
Svart rute: EKSPERT

 

Opplev meir i vakre Briksdal

 
store_foss.jpg

Briksdalsbreen

Friskt og eventyrleg vakkert

store_bil3.jpg

Breskyss

trollbilsafari til briksdalsbreen

fossar

Natursti

Fjell og fossar i Briksdal

IMG_5177.jpg

Oldeskaret

Den gamle ferdselsvegen er restaurert

DK-LLH-Briksdal13-0830-5622380--Foto_Mattias_Fredriksson_teaser.jpg

Kattanakken

Flott utsyn til jostedalsbreen

store_ice.jpg

Nasjonalparken

største breen på europeisk fastland

ViaFerrata61_Loen_9500_2500.jpg

Like ved

Attraksjonar i vårt nabolag